Arrangement · Idrett

LAN-party i Ungdomshuset

Bli med på LAN-party i Ungdomshuset! Vi spelar, konkurrerer og deler IT-kunnskap i eit sosialt fellesskap. Du treng ikkje vere ekspert – her er det plass til alle.

Spel, lær og ha det gøy saman!

UL Stølen inviterer til LAN-party i Ungdomshuset. Dette er eit lågterskeltilbod for deg som vil spele, møte andre og ha ein kjekk helg saman - anten du er ein erfaren spelar eller berre nysgjerrig.

Vi legg opp til spel, konkurransar og sosialt samvær. Her kan du dele tips, lære av andre og utveksle IT-kunnskap. Kanskje lærer du noko nytt, eller hjelper nokon med noko du sjølv kan?

Ver med og påverke konkurransane

Kva spel er favorittane dine akkurat no? Vi ønskjer å tilpasse konkurransane til deltakarane og sender derfor eit kort deltakarskjema til dei påmelde. Fortel oss kva du likar å spele, og kva spel du ønskjer konkurransar i!

Ta ein pause i retrospelhjørnet

Treng du ei avveksling frå dei vanlege spela dine? I retrospelhjørnet kan du slappe av, prøve gamle klassikarar og kanskje oppdage ein ny favoritt.

Vener er velkomne innom

Ungdomshuset er ope gjennom heile LAN-helga. Har du vener som vil kome innom og helse på, er det berre å invitere dei!

Kiosken er open under arrangementet.
Kom som du er, ta gjerne med ein ven, og bli med på moroa!

Praktisk informasjon

Alder og målgruppe
Arrangementet er for deltakarar frå 7. klasse og oppover.
Deltakarar under 16 år må ha med samtykkeskriv signert av ein føresett. Last ned skjemaet under «Dokument og skjema», og lever det ved innsjekking. Føresette må òg krysse av for om dei samtykkjer til overnatting.
Dette må du ta med
Dette må du ta med
- PC eller konsoll, skjerm og headset.
- Straumkablar og tilbehøyret du treng, som mus, tastatur eller kontrollarar.
- Nettverkskabel. Vi har nokre til utlån, men ta med din eigen om du kan.
- Madrass eller liggjeunderlag, sovepose og pute dersom du skal overnatte.
Du kan gjerne ta med eigen gamingstol dersom du ønskjer meir komfort enn stolane i huset gir.

Straum og nettverk
Vi legg opp straum og prøver å sørgje for kort veg til næraste nettverksswitch. Wi-Fi er òg tilgjengeleg dersom du ikkje ønskjer å bruke kabel. Vi tilrår kabla nettverk for ei mest mogleg stabil tilkopling under speling.
Overnatting
Vi legg til rette for overnatting rundt om i huset. Ta med madrass eller liggjeunderlag, sovepose og gjerne ei pute for betre komfort. Føresette til deltakarar under 16 år må også krysse av for om dei samtykkjer til overnatting. Avklar henting og heimreise på førehand.
Tilsyn og kontakt under arrangementet
Ansvarlege vaksne er til stades under heile arrangementet. Deltakarar og føresette kan kontakte oss på telefon 406 07 695.
Betaling og praktiske betalingsopplysningar
Kiosken er open under arrangementet, og du kan betale med Vipps, kort eller kontantar.

Billett til arrangementet kjøper du ved påmelding på nettsida. Tilgjengelege betalingsmåtar vert viste når du melder deg på.

Dokument og skjema