Nyheiter ·

Takk for ei kjekk LAN-helg på ungdomshuset!

Tusen takk til alle som kom på LAN-partyet! Det vart ei kjekk helg med gaming, Fortnite-turnering og god stemning på ungdomshuset.

Det var kjekt å sjå så mange samla på ungdomshuset. På laurdag spelte vi Fortnite solo, og på sundag gjekk vi over til duo, der deltakarane spelte to og to. Takk til alle som var med og bidrog til den gode stemninga gjennom helga!

Takk til støttespelarane våre

Kiwi Øygarden støtta oss med mat til middagen på laurdag og til frukost og lunsj på sundag. Ramirent stilte med byggjestraumskap, slik at vi hadde nok straum til alle PC-ane. Schmetterling bidrog med premiar og T-skjorter. Tusen takk for at de stilte opp for LAN-partyet!

Ein stor takk går òg til alle dei frivillige som hjelpte til før, under og etter arrangementet. De gjorde LAN-helga mogleg.

Vil du vere med neste gong?

Vi håpar helga gav meirsmak, og at vi får sjå dykk att på eit nytt LAN ut på nyåret. Vi treng òg frivillige som vil hjelpe til neste gong. Har du lyst til å bidra, er det berre å ta kontakt med laget.

Takk for denne gongen!

Bilete frå saka

T-skjorter og "Access pass"
T-skjorter og "Access pass"
Retrohjørnet
Retrohjørnet
Plakat med en skjult oppgave som man kunne løse under lan
Klarte du å løse alle?
Sal klart for LAN party
Klart for LAN!
Sponsorer som gjorde LAN en god opplevelse
Stor takk til sponsorane!